Litterært landskap Pietro Querini

er tilegnet Pietro Querini og hans unike beskrivelse av landskapet og folkelivet på Røst, og forfattere og kunstnere inspirert av Querinis historie og det landskapet han vandret i. Parchi Letterari er et nettverk av små lokalsamfunn hvor man kan oppleve unike landskap, historier og tradisjoner beskrevet i litteratur og poesi.

Irene Larsen, forfattar og lektor, f. 1964 i Skjervøy, bosatt i Tromsø. Larsen sin litteratur er prega av samisk kultur, kvardagsliv og mytologi, i samspel med det moderne, urbane og globale. Forfattaren nyttar mange kontrastar, mellom tradisjon og samtid, det lystige og det mørke, det friske, frodige og dei djupe botnane. Språket er sterkt, fortetta og rikt på uventa vendingar og bilete. Den sjøsamiske bakgrunnen hennar gir farge til ein kontrastfylt og biletrik litteratur. Larsen har vore ein av arrangørane av Tromsø internasjonale litteraturfestival Ordkalotten. Frå mai 2020 har ho vore leiar av Foreninga samiske forfattere, Searvi sámi girječállide / Siebrre sáme girjjetjállijda, som blei stifta i 2019.

Ho debuterte i 2005 med diktsamlinga Anemonepust, som vekslar mellom haikuform og prosalyrikk. For denne fekk ho Blixprisen. Diktsamlinga Framtida er ein stad til høgre for tavlekanten (2008) tematiserer tid og rom, og utfordrar det målretta mennesket sitt behov for organisering. Samlinga Sortsolsafari (2013) kretsar rundt samisk naturmystikk.

Romanen Der det gror skierri er hennar siste utgivelse, Orkana 2021, og fikk i august 2022 Havmannprisen for årets beste nordnorske bok. Prisen er et samarbeid mellom Norsk Forfattersentrum Nord-Norge, Rana bibliotek, Nordland fylkesbibliotek, Helgeland sparebank og Ark Mo.
Juryen om Der det gror skierri: 
"Nettopp der det gror skierri har Yrja flyttet hjem for å være festivalleder for en sjøsamisk festival i Finnmark. Det er likevel det turbulente privatlivet vi får høre mest om, med forholdet til gifte Isak, og vennskapet med enstøingen Eilif. Samt Pietro Querinis beretning fra Røst, som er Yrjas følgesvenn i jakten etter mening i livet. Villfarne Yrja griper oss med alle sine motsetninger og uheldige omstendigheter, og boka er usentimental, men med et vakkert språk man lar seg fenge av."


...Etter at Eilif har gått, kjem Yrja på at ho har gløymt å bestille flybillett til Bodø og fly derifrå til Røst igjen. Ho skal ta seg en ny tur til Røstlandet. Ho har lyst til at folk her oppe også skal bli kjende med forteljinga om Querini og havariet hans, og har lyst til å flette ho inn i festivalen på eit eller anna vis. På Røst har dei laga opera av historia, og ho har leikt med tanken på å få den operaen sett opp her også, men må snakke med aktørane. Ho vil ta fly heile vegen fordi ho ikkje greier den fire timar lange fergeturen frå Bodø til Røst ein gong til. Førrre gong ho tok turen, var det så mykje sjøgang at ho spydde i tre av dei fire timane. Låg i eit hjørne på dekk med ansiktet i ein plaspose. Følte seg som ein romantikar som aldri hadde reist med ferje i denne landsdelen før. Lokalbefolkninga kom ut på dekk, sette sjøbein og tok seg ein røyk, nokre østlendingar stod og fotograferte havsule, tjuvjo og lundefugl. Det var berre ho, finnmarkingen, som låg og spydde. Det var februar. Ho hadde gledd seg til å sjå alle øyene når dei nærma seg Røstlandet. Skimte Værøy og Lofotveggen. Lyset. Horisonten. Havet. I staden låg ho halvdaud på dekk. Tom og likbleik, med oppkast på jakkeermet.
Då dei la til kai, fekk ho ringt ei drosje som henta ho på ferjekaia og køyrde henne til Bryggehotellet. Hotellet viste seg å ligge berre hundreogfemti meter unna, like over ein bakketopp. Drosjeturen kosta ho neste tohundre kroner. Hotellet var moderne og vakkert med utsikt mot ei forfallen, raud brygge som måkane hang i tusentall kring. Alle med nebba opne. Koret av jammerlege skrik fylte hotellrommet. Minka av og til i styrke, før det kom eit nytt crescendo. Det tok berre eit par timar før gleda over eit vakkert, lyst rom med havblå dukar og sengetøy var over. Ho prøvde å være litt sjølvironisk. "Yrja, du er då finnmarking. Du lar deg vel ikkje vippe av pinnen av måkeskrik." Men ho måtte ned i resepsjonen og be om å få byte rom. Det var ikkje høgsesong, så ho fekk eit nytt rom med vindauge ut mot den asfalterte parkeringsplassen. Skrika høyrdest ennå, men var fjernare. Måkane skreik kontinuerlig dei dagane ho var der. Tagde når det blei mørkt, og starta å skrike igjen når sjarkane la ut frå kaia om morgonen og vekte dei frå dvalen. Querini kalla måkene Coccali Marini då han kom til Røst i februar 1432. I forteljinga som ho låg på senga og las på Røst, stod det: I dette strøket finst det ei endelaus mengde med kvite fuglar, som på befolkninga sitt språk kallast for muxi, og som vi kallar Coccali Marini. Desse fuglane likar å opphalde seg der det er folk, anten på båtar eller på land. Dei er like tamme som byduene i Venezia. Det verkar som om desse fuglane ernærer seg og blir mette berre av å skrike, for dei skrik utan stans. Skildringa kunne ikkje vore meir presis. Muxiane skreik på nøyaktig same viset seks hundre år etter. 
Då ho var på hotellet, fortalde hotelleigaren at øya Querini stranda på, ikkje kunne sjåast frå fastlandet, men på heil klare dagar kunne ein sjå ho som ei hildring. Det hadde noko med lysbrytinga å gjere Og ho gjekk innom biblioteket med ho var der. Las alt ho kom over av lokal litteratur om øyene i området. Øyene på Røst var mange, knytte saman av bruar og vegar. Eit Venezia i miniatyr. I ei av bøkene stod det at Røst låg under havet etter istida. Yrja såg føre seg at det sat folk på dei andre øyene og såg på at Røst steig opp av havet. Querini skreiv: Øya ligg sytti miglier vest for Capo di Norvega, som er ein avsides og fjerntliggande stad, og derfor kallas ho Culo Mundi. Yrja las i fotnoten at Culo Mundi betydde verdas ende. 
Sjølv har Yrja alltid valgt å bu på stader der ho har kort veg til havet. Ho har alltid kjent havet som ei forlenging av seg Det rommar usynlege landskap. Grunne og djupe. Havet let ikkje så mykje kome opp i dagen dersom ingen leitar. Sjøen fell ikkje så mykje at han blottlegg alt. Han held på løyndomar.

Irene Larsen, Der det gror skierri, s.110-112, Orkana forlag, Stamsund, 2021.

      !
      9
      N
      1
      2